Stikkord

, , , ,

La oss starte med en liten presentasjon.

Festivalsjef William Holden

-William Holden. Bur mellom spisse fjell inne i Sunnmørsalpane, der det veks einer
mellom husa, humle oppetter husveggen og pors på taket.
Godt voksen med sambuar og har 5 barn.
Litt over snittet interessert i tradisjonar og øl. Festivalsjef for Norsk Kornølfestival.

Først av alt; forklar oss kort hva kornøl/ tradisjonsøl er?

-Tradisjonsøl er for meg øl produsert etter gamle oppskrifter og aller helst med
gammalt utstyr. Og har du kveik, så får du eit ekstra poeng ifrå meg 😉 Men desverre så er det ikkje alle som har gammalt utstyr som kobberkjele og gryter i tre lengre, då lyt ein improvisere og gjere det beste utav det.
Eg sjølv produsere berre Konnjøl  (Kornøl) som er ein av dei tre tradisjonelle måtane som er nedskrive i dag, (Konnjøl frå Vestlandet, Stjørdalsøl frå Stjørdal og Heimabrygg frå Voss.), med varmtvannstankar og plast bøtter.

Når begynte din interesse før øl generelt og for tradisjonsøl og brygging?

For tre år sidan las eg om en gal mann med navn Lars Marius Garshol som reiste rundt å samla kveik i landet med bøtter og spann og lupe.
Eg sjølv var veldig lei av å drikke pils, og laga mest vin på den tida.
Eg fikk lyst å prøve dette på same måten som min bestefar brygga i kjellaren i Stryn.
Vi inviterte Hans Folkestad på besøk som kunne litt det der å brygge godt øl og
saman med min bror og min stefar, så vart det godt øl i garasja.
Ingen visste at det Hans den gangen lærte oss skulle ta heilt av.
Eg starta å samle kveik rundtomkring på Sunnmøre, og sendte videre til Lars Marius osv.
Samtidig så starta eg opp gruppa «Kveik» og ei anna gruppe, «Tradisjonsbrygging» på
Facebook. Kveik gruppa tok raskt av og har i dag rundt 2200 følgere.
Siden det vart så populært så måtte vi ha ein festival.
Eg spurte Lars Marius, Amund, Ståle og Morten om dei ville være med., heldigvis sa dei ja, og i bakhånd hadde eg ein senior rådgiver, tidlegare ordførar i
Hornindal kommune, og etterkvart tok eg med meg min mellomste bror Gard med på laget og hadde vårt første Kornølfestival i fjor, 2016.

Hva kan folk forvente å se og oppleve på festivalen og hvilke bryggerier stiller?

Fra fjorårets festival

-Festivalen i fjor ble besøkt av rundt 450 personar inklusiv dei fantastiske frivillige som stillte.
Som ufør etter 3 hjerteoperasjonar, den siste no i mars, så må eg ha noke å syssle med. Og det å kunne lage øl på gamlemåten er ein hobby som og gjør at eg kjem meg ut og treffer litt folk.
Samtidig så ser eg det at er ein fantastisk fin måte å ta vare på tradisjonane, som omtrent har forsvunne. Ja faktisk så har den forsvunne i store delar av Norge.
Men vi håpar at vi på sikt klare finne fram tradisjonane igjen, på dei plassane som ikkje har tatt vare på dei.
Eg må flire litt av en kommentar som Lars Marius kom med på eit styremøte i vinter
som var: Kva gjør vi om du william ikkje klare deg etter operasjonen?
Då skal dere smile og stå for festivalen, slik som eg vil at dere skal gjøre.
Operasjonen gjekk fint og eg e no ein gammal ringrev, som ikkje gir så lett opp.
Gutta stiller på nytt, og vi har fått med oss fleire frivillige, som er det som må til for å
klare ein god festival.

Brygging på gamlemåten

I år er det så mykje å oppleve at eg husker ikkje halvparten 😉
Men brygging live i hallen på fredag med glødande steiner.
Det vert spennende når vi kjem trillande inn med ei grov trillebår full med glødende stein på fredag.
Stjørdals øl skal bryggast live på lørdag, der ein tradisjonsbrygger frå Stjørdal kjem ned og brygger.
Det blir NM i tradisjonsbrygging både fredag og laurdag, med 17 hjemmebryggere pr. dags dato har meldt seg på.
Heilgrilla gris ute, og vi skal sette opp eit såinnhus for å vise korleis dei gjor det før, og nokon gjør det enno.
Vi får besøk frå Polen, bl.a eit par som er nygift, og som ville ha brudesuiten på
hotellet. Men det dei ikkje viste er at slik finn du ikkje på landet. 🙂
Så det vert ei hytte med gras på taket, for det var enno meir stas.
Frå England kjem bl. a bloggeren og ølbladskribenten Martyn Cornell, ein brygger
frå Mikeller kjem frå Danmark for å smake på øl og lære om kveik, Vinmonopolets
produktssjefer kjem for å smake, Richard Preiss skal ta seg av genetikken til
Kveiken, Lars Marius fortelle om kveiken i Norge, Bømern skal fortelje om Norsk
Gulvmalt, humledamene frå Bergen skal brygge konnjøl på kjøkkenmåten.
Vi har satt opp shuttletrafikk mellom Hornindal og flyplassen i Ålesund .
Under NM er det foreløpig påmeldt 17 hjemmebryggere, men det er plass til fleire.
Bare å melde seg på.
Nøgne Ø, Voss bryggeri, Eik & Tid, Mjøderiet, Geiranger Bryggeri, Baatbryggeriet,
Grunnerløkka brygghus, Olden Bryggeri, Kinn Bryggeri, Klostergården
Håndbryggeri og Skifjorden Bryggeri er dei 11 nasjonale bryggeria som på kvelden
skal få servere spennande øl, mesteparten med norske ingridienser som kveik,
einer, nype, pors, ryllik osv.

Hvem er den «typiske» deltager på denne festivalen?

-Den «typiske» deltageren på denne festivalen er alle som er glad i øl, mange av dei
med minner fra når far brygget sitt øl. Og minnene skal no endelig få utspring i
smaker, lukter, einerlåg, kveiker, pors osv
Det er vanskelig å si gjennomsnittsalderen på denne festivalen, for sjøl om
gamlekarane kosar seg på festivalen så er det veldig mange unge og nye tradisjons
spirer som vil brygge ølet sitt som bestefar gjorde det.

I det siste har det kommet en god del kommersielle brygg med med kveik, hva tenker du om det?

-Det er fantastisk å sjå at så mange kommersielle bryggeri etter festivalen i fjor, der
mange fikk med seg kveik, no er i «forsøksfasen» der dei prøver ut kveiken på
forskjellige måtar.
Eg har fått smake masse forskjellige, og mykje av det er godt..
Det er no mange nye smaker inne i bildet også, som er litt utafor den tradisjonelle,
men eg tenker at det er måten dei må gå gjennom for å klare å finne frem den rette
smaken.
Eg er ein av fleire som har sendt kveik ut i det store utlandet, og ser at det er same
som skjer der, dei driv å lagar forskjelligt i «forsøksfasen» der det kjem både
tradisjonelle og ikkje tradisjonelle øl ut av maskineriet 😉
Eg gleder meg til å smake alle dei spennande øla som kjem til Hornindal under
årets Kornølfestival, og eg er heilt sikker på at neste år så må vi spisse festivalen
enno meir inn, der fleire tradisjonelle smaker kjem i søkelyset og dei vanlige øla
som pils, ipa, pale osv. vert serverte på andre ølfestivalar.
Vi har alt starta å jobbe mot festivalen i 2018, men no først skal vi samle folket den
29. og 30. september i Hornindal for årets store, hippeste festival.

Advertisements